Regjeringen vil forby søskenbarn-ekteskap

Forbudet vil gjelde ekteskap mellom nære slektninger. Det omfatter ekteskap mellom søskenbarn, onkel eller tante, og niese eller nevø.

Publisert Sist oppdatert

NORGE: – Grunngjevinga for forbodet er å unngå helseskadar hos barn. Eit forbod kan òg motverke tvangsekteskap. Retten til å inngå ekteskap og retten til familieliv er sentrale menneskerettar. Departementa har derfor gjort grundige vurderingar opp mot menneskerettslege forpliktingar og EØS-retten, uttaler barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) i en pressemelding.

I 2020 fremma Ap, Sp og FrP på Stortinget eit oppmodningsvedtak om å leggje fram eit slikt lovforslag, som regjeringspartia no har fulgt opp.

– I Noreg skal folk leve trygge, gode liv. Forbod mot søskenbarnekteskap er eit viktig tiltak for å motverke tvangsekteskap, negativ sosial kontroll og kulturelle praksiser som gjer at kvinner og barn lever ufrie liv. Politiet er blant dei som har gitt støtte til eit slikt forbod, noko vi legg vekt på, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Vil hindre omgåing

– For å hindre omgåing av eit forbod, føreslår regjeringa at ekteskap mellom nære slektningar inngått etter utanlandsk rett ikkje blir anerkjent i Noreg, dersom ein av partane har tilknyting til Noreg når ekteskapet blir inngått, seier Toppe.Det blir foreslått ein unntaksregel, slik at ein kan søke om dispensasjon dersom det er sterke grunnar for å gjere unntak.

Powered by Labrador CMS